Kor ofte vil eg få faktura?

Det avheng av kva for ein utferdar du har avtale med.  Sjekk nettsida til utferdaren din for meir informasjon.

Kvar kan eg klage på faktura?

Du må kontakte den utferdaren du har fått faktura frå. 

Kva skjer dersom eg ikkje betaler bompengane?

Bombrikka kan sperrast når fakturakrav blir sendt til inkasso eller dersom kredittgrensa er overskriden. Når brikka er sperra står ho ikkje på statuslista for gyldige brikker. Ved kontroll er køyretøyet ikkje registrert med gyldig avtale. Då får du gebyr. Sjekk status hos den utferdaren som du har inngått brukaravtale med. 

Dersom eg køyrer utan bombrikke i ein bomstasjon, får eg gebyr?

Nei, du får ikkje gebyr. Det blir berre ilagt når kontrolletatane gjennomfører kontroll. 

Sist oppdatert: