Ein klage knytt til feil i faktura skal sendast skriftleg til den du har fått fakturaen frå. Dette er anten eit utferdarselskap eller eit bompengeselskap.
 
Har du avtale med eit utferdarselskap, er det denne avtalen som regulerer forholdet mellom deg og selskapet. Fakturering av enkeltpasseringar for køyretøy utan avtale blir gjort av det bompengeselskapet som eig den bomstasjonen du har passert. Her er det forskrift om betaling av bompenger som regulerer forholdet mellom deg og selskapet.
 
Rettslege tvistar mellom ein utferdar/bomselskap og kunde om faktura følgjer reglane i tvistelova om mekling og rettargang i sivile saker.
 
Ein søknad om fritak må du sende til eit bompengeselskap som avgjer om fritak kan innvilgast. Ei slik avgjerd kan du klage på til Vegdirektoratet. 

Sist oppdatert: