Dei følgjande kan søkje om fritak for bompengar:

  • Uniformerte og sivile utrykkingskøyretøy i tenesteoppdrag
  • Kollektivtransport i rute (med unntak av enkelte ferjeavløysingsprosjekt)
  • NATO-køyretøy i øving
  • Køyretøy eigd av NATO-hovudkvarteret JWC på Jåttå. Fritaket kan givast for inntil to år av gongen
  • Diplomatkøyretøy i Oslopakke 3
  • I bomringar gjeld det i tillegg forflyttingshemma (med parkeringsløyve frå kommunen)

For alle fritaksordningar må du ha inngått brukaravtale med ein utferdar om bruk av brikke.

Bompengeselskapet som innvilgar søknad om betalingsfritak, registrerer fritaket i AutoPASS sitt prissystem. Slik får du rett pris ved bompassering i bomstasjonar der du har fått innvilga fritak.

Motorsyklar og mopedar blir ikkje belasta for bompengar ved passering av automatiske bomstasjonar. 

Det kan, i særskilte tilfelle, førekome lokale fritaksordningar utover dei ovannemnde nasjonale ordningane. Ta kontakt med eit bompengeselskap for meir informasjon.

Forflyttingshemma

Forflyttingshemma med gyldig parkeringsløyve frå kommunen har rett til fri passering i bomringar rundt byområde. Ordninga gjeld i følgjande bompengeprosjekt (bompengeselskapet i parentes).

  • Askøypakka (Ferde)
  • Bypakke Bergen (Ferde)
  • Bypakke Bodø (Bompengeselskap Nord)
  • Bypakke Grenland (Vegfinans)
  • Bypakke Nedre Glomma (Vegfinans)
  • Bypakke Nord-Jæren (Ferde)
  • Bypakke Tenk Tromsø (Bompengeselskap Nord)
  • Bypakke Ålesund (Vegamot)
  • Førdepakka (Ferde)
  • Haugalandspakka (Ferde)
  • Miljøpakka Trondheim (Vegamot)
  • Oslopakke 3 (Fjellinjen)
  • Samferdselspakke Kristiansand (Ferde)
  • Vegpakke Harstad (Bompengeselskap Nord)
  • Nordhordalandspakka (Ferde)

For å kunne søkje om fritak hos eit bompengeselskap, må du kunne leggje fram gyldig parkeringsløyve og brukaravtale med ein utferdar om bruk av brikke. Parkeringsløyvet skal vere gyldig i minimum to år.

Parkeringsløyvet og avtalen med utferdar skal stå i same namn. Unntaket er at føresette kan inngå brukaravtalen der parkeringsløyvet er gitt til barn under 18 år.

Brikka er knytt til éin bil og kan ikkje flyttast mellom bilar utan å endre avtalen. Avtalen kan ikkje endrast for at fritakshavar skal kunne nytte fritaket i fleire køyretøy. Om fritakshavar har fleire køyretøy, må ein velje det køyretøyet som er mest føremålstenleg å ha fritaket knytt til.

Fritaket gjeld ikkje for institusjonar. 

Les også

Sist oppdatert: