Bompengeinnkrevjing i Noreg er registrert av Patentstyret under varemerket AutoPASS og er dermed eit beskytta varemerke.

Logobruk ved informasjon om bompengeordninga i Noreg

Det er anten Statens vegvesen, fylkeskommunen eller Nye Vegar AS som er oppdragsgivarar for eit bompengeprosjekt.

Bompengeselskapet har gjennom bompengeavtalen og prosjektavtalen fått i oppdrag å krevje inn bompengar.

Som ein del av bompengereforma er ansvaret for kunngjering og annonsering av takstvedtak overført frå oppdragsgivarane til dei ansvarlege bompengeselskapa.

  • Informasjon frå oppdragsgivarar om bompengefinansiering, m.a. oppstart og nedlegging av bompengeanlegg, takstendringar, byte av brikke eller innkrevjingssystem, skal inkludere AutoPASS-logo.
  • Bompengeselskapa skal bruke både AutoPASS-logo og eigen logo i kunngjering av takstar. AutoPASS-logo skal stå øvst i høgre hjørne.
  • Statens vegvesen sin logo skal ikkje brukast på driftsannonsar.
  • AutoPASS-logo skal brukast i annonsering av bypakker på lik linje med andre bompengeprosjekt.
  • Godkjende AutoPASS-utferdarar i Noreg kan bruke AutoPASS-logo når dei er komne i drift. AutoPASS er eit registrert og godkjent varemerke for den norske bompengeordninga. Utferdaren sin logo skal berre brukast saman med AutoPASS-logo i samband med informasjon frå selskapet om bompengeordninga.

Last ned

 

Sist oppdatert: