Innføring av obligatorisk brikke relatert til lovheimel Lov 18. juni 1965 nr.4 om vegtrafikk § 13, § 31 og § 31a og Forskrift om krav til bruk av elektronisk betalingsenhet i motorvogner over 3,5 tonn.

Kven gjeld påbodet for?

Brikka er obligatorisk for køyretøy over 3,5 tonn som er registrerte på eller leasa av føretak, staten, kommunar, fylkeskommunar og bilar som er registrerte på privatpersonar, og som blir brukte i næringsverksemd.

Bombrikke er ikkje obligatorisk for bubilar og andre køyretøy som er registrerte på personar og som berre blir brukte til private føremål.

Køyretøya skal betale bompengar etter gjeldande reglar om bompengar, sjølv om brikke ikkje er obligatorisk.

Kva siktar ein til med næringsverksemd?

Med næring siktar ein til verksemd som er eigna til å gi netto inntekt.

Kvar gjeld påbodet?

Heile det norske, offentlege vegnettet. Det har ikkje noko å seie om det er bomstasjonar der køyretøyet blir brukt.

Kva meiner ein med at brikka må vere knytt til køyretøyet?

Det er brukaravtalen for brikka som knyter saman brikkenummeret og registreringsnummeret til bilen. Om brikka blir flytta til eit anna køyretøy må brukaravtalen endrast. Det blir gitt gebyr i kontroll dersom brikkenummeret er knytt til eit anna registreringsnummer.

Registreringsnummer kan endrast hos utferdaren din.

Gjeld grensa på 3 500 kg eigenvekta til køyretøyet eller den tillatne totalvekta?

Ho gjeld tillaten totalvekt. Køyretøy som har meir enn 3 500 kg tillaten totalvekt i vognkortet skal inngå brukaravtale for tunge køyretøy og betale bompengetakst for tunge køyretøy, takstgruppe 2.

Kva privatbilar må ha brikke?

Berre køyretøy som er registrerte på privatpersonar og som blir brukte i næringsverksemd. Til dømes transport i samband med eiga gardsdrift, på vegner av arbeidsgivar eller som er eigna til å gi betaling. Dersom du er i tvil skaff deg bombrikke. Påbodet gjeld ikkje bubilar, SUV og andre privatbilar som berre blir brukte til private føremål.

Dersom eg er usikker om privatbilen blir brukt i næring, kva gjer eg då?

Er du usikker tilrår vi at du skaffar deg ei bombrikke for å unngå uvisse i ein eventuell kontrollsituasjon. Dette gjeld anten du skriv køyrebok eller ikkje.

Kva for tunge køyretøy som blir brukte i næring har fått unntak frå kravet om bruk av brikke?

Påbodet gjeld ikkje traktorar og motorreiskapar. Tilsvarande gjeld påbodet ikkje køyretøy som er knytte til NATO militære hovudkvarter, utanlandske NATO-styrkar og styrkar som er med i Partnerskap for fred. Påbodet gjeld heller ikkje køyretøy tilpassa militært føremål som er eigde av forsvaret.

Må bubilar bruke brikke?

Bubilar som er registrerte på ein person og som berre blir brukte til private føremål treng ikkje brikke, men bubilar som blir brukte i næringsverksemd må ha brikke. Bubilar som er leigde eller leasa og berre blir brukte privat må ha brikke fordi utleigefirmaet bruker bubilen i næringsverksemd.

Kontaktinformasjon

Har du spørsmål om avtalen din, ta kontakt via:

Chat: Fremtind Service (alle kvardagar kl. 08:00–18:00)

Telefon: 22 98 40 00 (alle kvardagar kl. 09:00–15:00)

Telefon frå utlandet: +47 22 98 40 00 (alle kvardagar kl. 09:00–15:00)

 

Sist oppdatert: