Ein avtale med ein AutoPASS-utferdar gir deg som brukar tilgang til rabattordninga og månadleg passeringstak. Betalinga for alle bompasseringane dine blir administrert av det selskapet som du har avtale med.

Dersom du vel å ikkje inngå ein AutoPASS-avtale, vil bompasseringane dine bli registrerte av det bompengeselskapet som eig dei bomstasjonane du passerer. Bompengeselskapet sender deg ein faktura for passeringane dine, og har du køyrt gjennom bomstasjonar som er eigde av ulike bompengeselskap, vil du få éin faktura frå kvart enkelt bompengeselskap.

Betaling med brikke

Med brukaravtale får du faktura tilsendt frå det utferdarselskapet som du har inngått avtalen med. Bompasseringane blir automatisk registrerte på avtalen din.

Dersom du lurer på noko om avtalen din, faktura eller andre spørsmål om kundeforholdet ditt, kontakt det utferdarselskapet som du har avtale med.

Fakturaløp for alle med eller utan brikke

Etter at du har passert ein bomstasjon vil du få faktura for passeringa. Dersom du ikkje betaler innan fristen får du ei purring / eit inkassovarsel med eit purregebyr etter gjeldande satsar. Dersom du unnlet å betale innan fristen blir fakturaen send til inkasso.
Kontakt eit bompengeselskap for å få informasjon om takstar.

Betaling utan brikkeavtale

Betaling for bompasseringar er lovregulert gjennom betalingsforskrifta. Køyrer du utan brikkeavtale, blir det tatt bilete av registreringsnummeret til bilen. Du får faktura i posten på ordinær passeringsavgift utan gebyr frå bompengeselskapet som eig den bomstasjonen som du har passert.

Sist oppdatert: