Med brukaravtale og innstallert brikke i køyretøyet får du rabatt i alle automatiske bomstasjonar i landet merkte med AutoPASS.

Du må ta kontakt med eit utferdarselskap for å få brikke og inngå brukaravtale. 

Kva utferdarselskap skal eg velje?

Du kan inngå avtale med eit kva som helst godkjent utferdarselskap som tilbyr brukaravtale og bombrikke. Avtalen gjeld i heile landet. 

Dersom du ikkje har brikke

Bompengeselskapa vil krevje inn bompengar dersom du ikkje har brikke. Spørsmål om takst- og rabattopplegget i det enkelte bompengeprosjekt blir framleis handterte av bompengeselskapet. Det same gjeld spørsmål om fakturering for passeringar som ikkje er knytte til ein brukaravtale.

Selskap med løyve til å utferde brikker i AutoPASS Samvirke

 

Sist oppdatert: