Frå 1. januar i år blei det innført bompengeavgift i Askøypakken for nullutsleppskøyretøy, d.v.s. el-bilar og hydrogenbilar.

I tråd med føringane frå Prop. 87 S (2017-2018) og lokale vedtak vert det innført bompengeavgift i Askøypakken for nullutsleppskøyretøy i takstgruppe 1 som svarer til 50 prosent av ordinær bompengetakst etter rabatt. Nullutsleppskøyretøy i takstgruppe 2 skal inntil vidare ikkje betale bompengar. 

Nullutsleppskøyretøy er ei fellesnemning på elkøyretøy og hydrogenkøyretøy.

Takstane i Askøypakken 

  Takstgruppe 1 Takstgruppe 2
Bompengetakst 28,00 46,00

 

Endringa medfører at nullutsleppskøyretøy i takstgruppe 1 frå 1. januar 2019 betalar kr 11,20 per passering, ettersom ordinær takst etter 20 prosent brikkerabatt er kr 22,40.

Nullutsleppskøyretøy utan gyldig avtale og brikke betalar ordinær bompengetakst.

Timeregel og månadstak på 30 passeringar vil òg gjelde for nullutsleppskøyretøy med gyldig avtale og elektronisk brikke.