Gjeld frå 15.01.2019

1. Innleiande føresegner.

1.1 Avtalen trer i kraft og er gyldig straks han er inngått. Avtalen består av Generelle vilkår og eventuelle lokale vilkår frå bompengeselskapet (heretter kalla selskapet). Gjeldande versjon av Generelle vilkår finst på www.autopass.no, eller hos selskapet.

1.2 Avtalen med det selskapet som har utferda brikka blir rekna som hovudavtale. Dersom ein teiknar tilleggsavtale med andre bompengeselskap eller ferjeselskap, skal denne knytast til same brikke. Bruk av brikke i tilleggsavtale føreset gyldig hovudavtale.

1.3 AutoPASS-brikka blir nytta for elektronisk betaling i bompengeanlegg og ferjeanlegg. Selskapet har tilsvarande rett til å belaste kunden for bruk av brikka. For bruk i land knytte til EasyGo-samarbeidet, sjå www.easygo.com for informasjon.

1.4 Brikka blir utlevert av brikkeutferdaren mot betaling av depositum. Depositumet blir refundert ved oppseiing av avtalen og/eller retur av brikka, men ikkje ved tapt eller skadd brikke.

1.5 Takstar og rabattar for bruk av brikka i bompengeanlegg og ferjeanlegg blir fastsette av offentlege styresmakter. Takstinformasjon finst på www.autopass.no, og hos det enkelte bompengeselskapet og ferjeselskapet.

2. Kunden sine plikter og rettar.

2.1 Plikt til å betale bompengar følgjer av forskrift om betaling av bompenger av 28. november 2016 nr. 1418, gjeven med heimel i veglova § 27. Avtalepart etter denne avtalen blir rekna som eigar/brukar etter forskrifta.

2.2 Brikka skal ikkje nyttast i andre køyretøy enn det køyretøyet som avtalen er registrert på. Brikka skal monterast i samsvar med monteringsinstruksen.

2.3 [Oppheva pr. 15.1.2019.]

2.4 Kunden er ansvarleg for at alle opplysningar i avtalen er korrekte heile tida. Endring av opplysningar skal meldast til selskapet med det same. Kunden kan når som helst undersøke om opplysningar i avtalen er korrekte, og gjere endringar via elektroniske kundesider, «Mi side», eller ved å ta kontakt med selskapet.

2.5 Verken brikka eller avtalen kan overdragast til andre.

2.6 Kunden er betalingsansvarleg for all bruk av brikka, uansett kven som bruker brikka. Ved tjuveri krevst politimelding før kunden sitt ansvar etter avtalen fell bort.

2.7 Dersom brikka ikkje er avlesen ved passering, har kunden som avtalepart ansvar for påkommen passeringstakst på grunnlag av fotografering av nummerskiltet ved passering av bomstasjon.

2.8 Ved eigarskifte av køyretøy er kunden som avtalepart ansvarleg for påkommen passeringstakst fram til melding om eigarskifte er motteken av selskapet.

2.9 Kunden har krav på rabatt og eventuelt fritak for passeringar når brikka er avlesen og avtalen er gyldig. Rett til rabatt og eventuelt fritak fell bort når avtalen blir sperra, dvs. ved overskriden kredittgrense, når ubetalt krav blir sendt til inkasso, manglande betaling av avtalt forskotsbeløp, negativ saldo etter forskotsavtale eller ved mangelfull adresse jamfør punkt 2.4. Fakturaer blir etter dette sende til køyretøyeigaren.

2.10 Fullt avtalt forskotsbeløp skal betalast inn før saldo i forskotsavtalen blir negativ. Kunden har ansvar for å betale nytt forskot sjølv om han ikkje har fått faktura eller varsel.

3. Selskapet sine plikter og rettar.

3.1 Selskapet er betalingsformidlar mellom kunden og alle selskapa i AutoPASS- og EasyGo-samarbeidet.

3.2 [Oppheva pr. 15.1.2019.]

3.3 Eventuelle krav mot selskapet er avgrensa til refusjon av urettkomme pålagde og betalte avgifter og uteståande depositum og forskot.

3.4 Selskapet har ansvaret for teknisk svikt ved innkrevjingsutstyret.

3.5 Selskapet skal gi kunden rabatt i samsvar med gjeldande føresegner.

3.6 Selskapet kan sperre avtalen, jamfør punkt 2.9.

4. Endringar i avtalen.

4.1 Selskapet kan gjere mindre endringar i avtalen utan føregåande varsel til kunden.

4.2 Vesentlege endringar i avtalen vil berre kunne skje som følgje av styresmaktene sine vedtak eller andre ekstraordinære forhold utanfor selskapet sin kontroll. Slike endringar blir kunngjorde seinast fire veker før endringane trer i kraft. Endringar av takstar og prisar blir annonserte i samsvar med føresegner gjevne av Samferdselsdepartementet og Statens vegvesen.

4.3 Avtalen kan overførast til eit anna selskap dersom selskapet legg ned verksemda si, eller sluttar å utferde bombrikker. Melding om nedlegging og eventuell overføring av avtalen til eit anna selskap vil bli gjeven før selskapet avsluttar verksemda si.

5. Personvern.

5.1 Kunden sine personopplysningar blir behandla for bompengeinnkrevjingsføremål, nærmare bestemt i samsvar med personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav e), jf. veglova § 27 femte ledd. Bompengeselskapa og Statens vegvesen er felles behandlingsansvarlege for behandlinga av kunden sine personopplysningar.

5.2 Personopplysningar blir behandla når det skjer avtalepasseringar i bompengeanlegg/ferjeanlegg. Registrering ved passering skjer ved lesing av brikke, eller ved automatisk bilde, jf. også pkt. 2.6 og 2.7.

5.3 Dei kategoriane av personopplysningar som blir behandla om deg som kunde er:

  • Namn, kontaktinformasjon og betalingsmåte
  • Brikke-ID og kjennemerke (registreringsnummer køyretøy)
  • Opplysningar om køyretøy
  • Passeringsopplysningar (tid og stad)
  • Fakturerings- og betalingsinformasjon
  • Avtalenummer og dato

5.4 Brikke-ID og kjennemerke kan bli utlevert til Politiet, Tollvesenet og kontrollmakta i Statens vegvesen for kontroll i samsvar med forskrift om elektronisk brikke i motorvogner (over 3500 kg). For lette køyretøy blir berre brikke-ID utlevert.

5.5 Personopplysningane som er nemnde i pkt. 5.3 kan bli utleverte til ferjeselskap ved elektronisk billettering i Noreg, og likeins til bompengeselskap, ferjeselskap og databehandlarar i utlandet.

5.6 Personopplysningar kan også bli utleverte når det ligg føre eit anna gyldig behandlingsgrunnlag i medhald av lov eller forskrift, t.d. når politiet ber om opplysningar etter straffeprosesslova, eller til statistikk og forskingsføremål.

5.7 Bompengeselskapet skal stille ei elektronisk kundeside, «Mi side», til rådvelde, med oversikt over kunden sine avtalar, passeringar, fakturaer og betalingar. Føremålet med denne behandlinga er å gi kunden praktisk høve til å administrere kundeforholdet sitt.

5.8 Kunden har rett til å krevje innsyn i opplysningar som blir behandla av Bompengeselskapet i samsvar med personvernforordninga artikkel 15, og til å krevje retting av mangelfulle opplysningar i samsvar med personvernforordninga artikkel 16. Kunden kan også be om sletting av personopplysningar så langt dette følgjer av personvernforordninga artikkel 17. Det blir i samband med dette vist til bompengeselskapet si gjeldande personvernerklæring.

5.9 Når kunden har valt avtale med sletting av personopplysningar, inneber dette at passeringsdata blir sletta straks passeringa er belasta ein gyldig avtale. Etter sletting er det ikkje høve til å få tak i passeringsdata, heller ikkje ved ein eventuell klage.

6. Kommunikasjon og klage.

6.1 Førespurnader frå kunden om brikka skal rettast til det selskapet kunden har hovudavtale med, jamfør punkt 1.2. Andre førespurnader skal rettast til det selskapet kunden har avtale med.

6.2 Med mindre anna er bestemt skal meldingar frå selskapet til kunden om avtalen sendast i brev eller som e-post til adressa som er oppgitt i avtalen, eventuelt informerast om via selskapet si nettside. Meldingar kan også bli gjevne i fakturaer, ved SMS til mobilnummer oppgjeve i avtalen, i purringar og i inkassovarsel.

6.3 Klage på belastning av passeringar mv. må fremmast for selskapet seinast tre veker frå det tidspunktet kunden fekk eller burde fått kunnskap om forholdet som grunngjev klagen. Rettslege tvistar skal avgjerast av domstol i selskapet sitt verneting som er rettskretsen der selskapet har hovudkontoret sitt, jf. tvistelova kap. 4.

7. Opphøyr av avtale.

7.1 Kunden har når som helst rett til å seie opp avtalen med selskapet. Ved oppseiing skal brikka snarast returnerast til selskapet. Depositum vil bli refundert. Refusjonskrav mot selskapet blir forelda etter tre år.

7.2 Med ein månads varsel kan selskapet seie opp avtalen når endra forhold vedtekne av styresmaktene gjer det nødvendig, jf. pkt. 4.2.

7.3 Avtalen kan seiast opp av selskapet ved negativ saldo etter forskotsavtale, når uteståande krav er sende til inkasso, dersom avtaleparten døyr eller går konkurs, dersom brikke for lett bil har vore inaktiv i meir enn 2 år og dersom avtalen ikkje gir økonomisk fordel eller er obligatorisk for kunden.

7.4 Selskapet kan heve avtalen med det same dersom kunden vesentleg mislegheld dei pliktene som følgjer av avtalen.