Innkrevjing av bompengar på Sykkylvsbrua blir avslutta 31. januar 2018 kl. 12.

Kundar som har hovudavtale med bompengeselskapet Sykkylvsbrua AS blir automatisk ført over til bompengeselskapet Vegamot AS. Alle kundar får tilsendt ny bompengebrikke automatisk i løpet av januar 2018.

Alle AutoPASS-brikker er kopla opp mot ein hovudavtale hos eit bompengeselskap. Brikker med nummer som byrjar med L: 29 eller 95780029 er levert av Sykkylvsbrua AS. Desse brikkene vil ikkje fungere i andre bompengeanlegg etter 31. januar 2018. 

Har du tilleggsavtale på bompengebrikke som er utstedt av Sykkylvsbrua AS?

Alle tilleggsavtalar blir sagt opp når brikkene frå Sykkylsbrua AS sluttar å verke. Om du ønskjer tilleggsavtale på den nye AutoPASS-brikken frå Vegamot, må du kontakte bompengeselskapa du har tilleggsavtale med og opplyse om det nye brikkenummeret. 

 

Se mer informasjon på bompengeselskapets nettside