Bomstasjonane i Haugesund og Tysvær
Om bompengeanlegget
Bompengeanlegget er automatisk. Det betyr at du ikkje skal stoppe ved passering.
Har du AutoPASS blir den belasta,
har du ikkje, vil du få ei faktura i posten. Eller du kan betale ved ein servicestasjon innan tre virkedagar. Dette gjeld
også utanlandske kjøretøy.
Bomstasjonane i Haugesund og Tysvær Bro- og Tunnelselskapet AS Haugalandspakken AS
Prisar
| Takster (NOK) |
Under 3500 kg |
Over 3500 kg |
| |
Forskudd |
Pr. passering |
Forskudd |
Pr. passering |
| 30% rabatt |
420,00 |
8,40 |
840,00 |
14,40 |
| 40% rabatt |
2520 |
7,20 |
5040,00 |
14,40 |
| 50% rabatt |
4200,00 |
6,00 |
8400,00 |
12,00 |
Depostium for brikken er kr 200,-.
Avtale med etterskotsbetaling gir 5% rabatt uavhengig av takstgruppe og antal
passeringar. Etterskotsbetaling føreset avtalegiro.
1 times regel: Har du AutoPASS-avtale med Haugesundspakken AS
betaler du for berre ei passering i timen, og for maksimalt 75 passeringar i månaden.
Betaling
Faktura i posten
Det blir teke bilete av bilskiltet ved passering av bomstasjonane. Registreringsnummeret blir kontrollert
mot motorvognregisteret, og bileigaren får tilsendt faktura med opplysningar om passeringar, kjøretøy og skyldig beløp. Det
blir ikkje lagt på ekstra gebyr.
Betale kontant
Det kan du gjere på ein av servicestasjonane innan tre virkedagar
etter passeringa. Ein kopi av kvitteringa blir deretter sendt frå betalingsstaden til bompengeselskapet.
Servicestasjonar
- Shell Haukås, Haukås
- Shell Knapphus, Knapphus
- Shell Aksdal, Aksdal
- Statoil Kvala, Tittelsnesv. 95, Haugesund
- Shell Karmsundgata, Karmsundgata 54, Haugesund
- Shell Bygnes, Bygnes
Fritak
Følgjande trafikantgrupper er fritekne for betaling av bompengar: motorsyklar og mopedar, forflytningshemma med parkeringsløyve,
elektriske kjøretøy med drivstoffkode 5 i vognkortet, hydrogenbilar. Uniformerte uttrykkingskøyretøy i tenesteoppdrag, dersom
dei har AutoPASS og bussar i konsesjonerte ruter, dersom dei har AutoPASS. Alle fritak forutetter AutoPASS.
Tilbake
Du ser nå en alternativ visning av informasjon om bompengeanleggene. Du behøver en nettleser som støtter JavaScript og Flash
for å se den fullverdige versjonen av sidene.